Mentorordning

Som ny student er det mykje å sette seg inn, både fagleg og sosialt. Då kan det vere nyttig å ha ein mentor som kan hjelpe deg i gang.

Mentorordninga bidreg til at du som student blir kjent med andre som studerar det same. I mentorgruppene får du eit fagleg og sosialt fellesskap som både gjev tilgang til informasjon og tek opp tema som er viktige for din studiekvardag. Det kan handle om studiemeistring, eksamensstress, studievalg, trivsel med meir. 

Mentorordninga praktiserast noko ulikt ved ulike studiestadar. Her kan lese om mentorordninga for nye studentar i Sogndal ved HVL og kva bachelorprogram som er inkludert.

Lærestadane tilbyr alle førsteårsstudentar i dei aktuelle programma ei mentorgruppe. Mentorane er meir erfarne studentar eller i nokre tilfeller fagleg tilsette. Gruppene møtast jamnleg gjennom første studieår. Ved nokre studiestadar har dei også tilsvarande grupper vidare i studieløpet. Sørg for at du er del av ei mentorgruppe. Det kan gjere det enklare å vere student. Om ikkje du har fått informasjon om kva gruppe du tilhøyrer, ta kontakt med lærestaden og snakk med mentoransvarleg. Oppstart for ordninga er i løpet av dei første veken av studiestart.