Aleine i ny bygd?
Det kan vere vondt og vanskeleg å kjenne på følelsen av å vere aleine, og det kan vere vanskeleg å vete korleis ein skal handtere ein slik situasjon. Me delar nokre råd til korleis du sjølv kan ta grep for å komme i kontakt med andre og bygge relasjonar.
Du er ikkje aleine om å føle deg aleine
Å vere ny student på ein ny studiestad kan opplevast utfordrande. Med mange nye menneske og inntrykk er det heilt normalt å oppleve ein følelse av einsemd.
For mange studentar er det vansklegare enn antatt å knytte nye bekjentskap og bygge nære relasjonar. Det er ofte tilfeldigheiter som styrer kva menneske ein møter, og derfor er det ofte tilfeldigheiter som styrer kor lang tid det tek å etablere vennskap.
Ein ny trivselsundersøking med over 62 000 studentar viser at over halvparten av studentane saknar nokon å vere saman med. Tall frå undersøkinga viser at det er førsteårsstudentane som i størst grad opplev ein følelse av einsemd. Dette kan i stor grad skyldast at mange brukar tid på å bygge gode og trygge relasjonar.
Råd for å ta grep om situasjonen
1) Eksponer deg sjølv
For å bli kjent med nye menneske og etablere vennskap kan du vise at du er tilgjengeleg. Sett deg i kantina, delta i forelesningar og gruppeøvingar, og bli med på ulike aktivitetar. Sjølv om det kan vere ubehageleg å gjere desse tinga aleine, kan det hjelpe deg med å komme i kontakt med andre.
2) Ta initiativ
Prøv å ta kontakt når moglegheita byr seg. Dette kan vere å introdusere deg sjølv til andre som deltek på same aktivitet eller å stille eit fagleg spørsmål til vedkommande som sit ved sidan av deg i forelesning.
3) Bli med på langvarige aktivitetar
Prøv å finne aktivitetar som har ei viss grad av kontinuitet. Ved å møtast jamnleg er det enklare å både komme i kontakt og oppretthalde kontakten med menneske.
I sogndal finst det mange ulike foreiningar ein kan vere med i. I tillegg tilbyr Saman lågterskelaktivitetar for alle studentar i Sogndal som ønsker å bli kjent med nye menneske.
4) Ver deg sjølv
Den beste måten å bygge langvarige relasjonar på er å vere seg sjølv. Det er ved å vere deg sjølv du vil finne dei du kjem best overeins med og har felles interesser med.
5) Ha tålmodigheit
Det er heilt normalt at det tek tid å bli kjent med folk, og at det tek endå lengre tid å bygge gode og trygge relasjonar. Det kan derfor vere nyttig å stålsette seg på at det kan ta tid før du finn dine likesinna.