Om Lykkepromille

Me jobbar for å redusere dei skadelege konsekvensane av alkohol i studentmiljøet.

Prosjekt Lykkepromille er eit alkoholførebyggande prosjekt med studentar som målgruppe. Vårt mål er å redusere dei negative konsekvensane av alkohol i studentmiljøet. Me meinar at det kan finnast både positive og negative effektar av alkoholen. I samarbeid med studentorganisasjonar og lærestadar leitar me oss fram til balansen mellom desse.

Studentmiljøet skal ha plass til alle, enten dei drikk eller ikkje. Ved å halde oss til «lykkepromillen» unngår me mykje av risikoen forbunde med det å drikke alkohol. Samtidig gjer me det lettare for dei av oss som ikkje ønsker å drikke. Med lykkepromille blir festen betre for alle.

"Lykkepromille" referer til den oppkvikkande rusen som gjer deg lettare til sinns og meir sosial. Dei fleste oppnår dette med ei promille på mellom 0,5 og 1. Viss du klarar å halde deg til dette nivået, får du det beste ut av alkoholen. Då er det mykje lettare å unngå kjipe konsekvensar og behalde dei gode.

 lykkepromille.no finn du meir om prosjektet.