Nye vilkår for Saman Helsefond frå 1.01.2018

Frå og med 1.januar 2018 trer det i kraft nye vilkår for Helsefondet. Dette gjeld alle behandlinga med behandlingsdato frå og med 1.01.2018. For behandlingar utført i 2017 gjeld framleis dei gamle vilkåra. Søknadsfrist for å få stønad for utgifter med behadnlingsdato i 2017 er 31.januar 2018.

Desse endringane er ønska og godkjend av Velferdstinget og Saman sitt styre. Dette grunna eit auka fokus på psykisk helse og for å sikra ei økonomisk støtte til dei studentane som er aller mest sårbare.

For utgifter med behandlingsdato kalenderåret 2018 gjeld følgjande vilkår:

Psykolog
Det gis stønad til behandling som kjem inn under Helsenorges eigenandelstak 1. Utgiftene dekkas då frå første krone og opp til eigenandelstak 1 for frikort. Utgiftene må dokumenteras med utskrift frå Helsenorge. Ved baehandling hjå poliklinikk må det i tillegg dokumenterast at dette gjeld psykiatrisk poliklinikk/DPS anten i form av kvitteringar eller utskrift av timane hjå poliklinikken.

Tannlege
Det gis stønad til tannlegeutgiter for studentar i regionane utanfor Bergen. Stønaden er på 50% av godkjende utgifter (naudsynt behandling). Det er ein maksgrense på kr. 10 000 utbetalt stønad per student per år. Søknadar for utgifter under kr. 1500 vert ikkje behandla.

Tannskade
Det gis stønad til reparasjon av tenner som blir skada i forbindelse med ulukker og fall. Stønaden er på 50 % av utgiftene, etter at eventuell annan inndekning frå det offentlege eller forsikringar er trekt frå. Det er ein maksgrense på kr. 20 000 utbetalt stønad per student per år.

Transport
Det gis stønad til transport mellom studiestad og heim dersom skade eller sjukdom gjer det umogleg å nytta offentlege kommunikasjonsmidlar. Stønaden gjeld 1 tur- /returreise pr dag mellom heim og stuideinstitusjon. Reiser i helg og heilagdag vert det ikkje innvilga stønad for. Stønad gis for ein periode på maksimum fire veker samanhengande. Av godkjende utgifter reknas ein eigenandel på 50 %. Behovet for transport må dokumenteras av lege.

Merk at ved dei nye vilkåra er det ikkje lenger refusjon av legeutgifter, fyrioterapi eller kiropraktor.