Kandidatundersøkinga 2018

Frå studie til jobb på Vestlandet: Kvert år uteksamineras det fleire tusen studentar frå utdanningsinstitusjonar på Vestlandet. Kandidatundersøkinga 2018 gir svar på korleis dei nyutdanna gjer det på arbeidsmarknaden.

Kandidatundersøkinga gjennomføras kvart andre år og rettar seg mot tidlegare studentar ved utdanningsinstitusjonane i Bergen og på Vestlandet. 

VESTLANDSKANDIDATANE
Kandidatundersøkinga 2018 finn at majoriteten av kandidatane frå utdanningsinstitusjonane på Vestlandet er veltilpassa på arbeidsmarknaden.

Situasjonen er forhaldsvis lik den som var i 2016, samtidig som vi ser ei marginal auke i andel arbeidsledige. Samanlikningsgrunnlaget for tidlegare år kompliseras då nye grupper med kandidatar er blitt inkludert i utvalet til undersøkinga for 2018. Det er elles vesentlege skilnadar mellom kandidatane på Vestlandet når det gjeld tilpassing til arbeidsmarknaden avhengig av utdanningsbakgrunn.

Kandidatar med bakgrunn frå ingeniørutdanning og matematisk- ognaturvitskaplege fag, som blei hardast ramma av oljeprisfallet i 2014-2016, har framleis ein utfordrande situasjon på arbeidsmarknaden, samtidig som det er klare teikn til betring for enkelte grupper.


På tvers av dei ulike utdanningsløpa etterspør kandidatane i stor grad meir praksis i utdanninga si. Analyser indikerer og at arbeidslivspraksis er den aktiviteten utanom studiet som i størst grad aukar sjansane for relevant arbeid etter endt utdanning.

Les resultatane frå undersøkinga for 2018 her:
Kandidatundersøkinga 2018