Helsestasjon for unge vaksne
Helsestasjonen er ei gratisteneste som kan hjelpa deg med spørsmål og problemstillingar kring seksuell helse. Det kan mellom anna gjelda legning, prevensjon, testing for seksuelt overførbare sjukdommar, abort, graviditet og mykje meir.
Plassen 2, 6856 Sogndal
Opningstider
Tysdagar 14:00-17:15
Helsestasjon for ungdom og unge vaksne er open for drop-in.
Tlf: 57 65 27 70
Generelle smittevernreglar gjeld.
Helsestasjonen for ungdom og unge vaksne kan hjelpe deg med:
Prevensjon
Symptom på seksuelt overførbar kjønnssjukdom
Innsetjing/uttak p-stav
Innsetjing/uttak spiral
Samtale
Sjølvtesting
Det er også opent for drop in-sjølvtesting tysdagar frå kl. 09:00-17:15. Ein gjennomfører testen sjølv, og utstyret ligg på toalettet.
Finn fram!
Helsestasjonen finn du i 2. etasje på
Sogndal helse- og omsorgssenter (Adresse: Plassen 2).
Bruk hovudinngangen midt på framsida og følg skiltinga inne.