Saman Helsefond

Har du hatt store utgifter relatert til helse kan du søka til oss om stønad/refusjon.

 

Slik Søker du stønad

Finn fram og legg ved den dokumentasjonen det er krav til for den type behandling du søker stønad til

Lever søknad med vedlegg til oss

Generelle rammer og vilkår for å kunne søke stønad

  • Ein må vere student ved HVL og ha betalt semesteravgift for gjeldande semester behandlinga er utført
  • Det vert ikkje gjort utbetaling på beløp under kr 100
  • Søknadar med manglande dokumentasjon vert ikkje behandla
  • Studieåret reknast frå 15.august til 30.juni for avgangsstudentar. Avgangsstudentar kan ikkje motta stønad for behandling utførd etter 30.juni (31.desember ved studieslutt etter vårsemesteret ). Skal du studera vidare hjå HVL vil sommaren inngå i førre studieår, slik at studieåret reknast frå 15.august til 14.august
  • Søknaden må vere levert innanfor gjeldande søknadsfrist

Søknadsfrist

  • Ordinær søknadsfrist er 6 månader frå behandlingsdato. Unntak ved årsskiftet.
  • Ved årsskiftet er fristen for å søka stønad for behandlingar utført før nyttår 30.januar. Det vil t.d. seie at er behandlinga utført i desember 2017 må ein søka innan utgangen av januar 2018.