Tannlege
I Sogn og Fjordane har me ikkje eigne tannleger, men du kan få stønad til naudsynt tannbehandling gjennom vårt Helsefond. Informasjon om helsefondet finn du her.
Det er fleire tannlegar i Sogndal. Nokre av desse gir rabatt til studentar, spør den aktuelle tannklinikken om akkurat dei tilbyr studentrabatt.
Til dømes gir Colosseumklinikken Sogndal, Sogn Tannhelsesenter, 10% rabatt til deg som student (spesialbehandling er unnateke). Gje beskjed til tannklinikken ved bestilling av time at du er student, og hugs å ta med studentbeviset til avtalt time.
https://colosseumklinikken.no/klinikker/tannlege-sogndal/
Yngre enn 20 år?
Viss du fyller 20 år i inneværende år eller er yngre kan du gå til offentleg tannlege og berre betale ein eigenandel på 25%. Dette vil vere det billegaste alternativet for deg.