På tur Saman

Bli med små grupper på turar i nærområdet.

Saman med studentorganisasjonar i Sogndal arrangerer me turar for studentar. Turane er åpne for alle som kan tenke seg å gå på tur, det er ikkje krav til forkunnskapar eller turkunnskapar. Saman stiller med noko god snacks til dei som er med. 

Kvar tur vert leia av ein turguide eller to. Turguidane er også studentar i Sogndal og er oftast tilknytt studentorganisasjonane her. Kanskje finn du ei ny interesse, ein ny ven, ei ny ruslerute eller du rett og slett får vite om kva aktivitetar som skjer i Sogndal.

Det vert arrangert to turar kvar veke og desse blir lagt ut som arrangement på facebook også (sjå Saman Sogndal). Grunna pandemien vil det vere eit avgrensa tal studentar i kvar gruppe. Har du lyst å delta? Ver venleg og meld deg på.

Neste turar

  • Onsdag 17. februar kl. 14:30
  • Søndag 21. februar kl. 17:00
  • Onsdag 24. februar kl. 14:30
  • Søndag 28. februar kl. 17:00

NB! oppmøte ved Meieriet 10 minuttar før turstart.

God tur!