TV og Wi-Fi

Du kan nytta det same trådlause nettet både på campus og i Saman sine bustader.

Wi-Fi

I bustadhusa våre finn du det trådlause nettverket Eduroam. Dette er det same nettverket som på Høgskulen, som vil seie at du må vere registrert ved HVL og få tildelt brukarnamn og passord før du får tilgang til nettet. For å kople seg på det trådlause nettverket koplar du deg til nettverket Eduroam, og skriv inn brukarnamnet som du har fått på høgskulen med @hvl.no bak. Passordet er det same som på høgskulen.

Har du TV?

Saman vil minne om at det er du som leigebuar som er ansvarleg for å betale tv-lisens (kringkastingsavgifta) for eige apparat. Har du kjøpt tv eller teke med deg fjernsyn heimanfrå skal det betalast lisens for apparatet. Kontrollørar frå NRK har rundar og sjekkar dette. Saman betaler berre lisens for sine eigne apparat.

Reglar for privatlisens nrk.no