Vaskeri

Vaske klede? Alle bustadsområda våre har eige vaskeri.

I lag med nøklane til bustaden din hjå Saman vil du få utdelt eit Miele vaskekort du kan nytta på vaskeriet som høyrer til bustaden.

Kom i gang

Du fyller opp vaskekortet ved å logga deg inn via lenka til ditt vaskeri under. Der får du tilgang til din eigen Miele-konto der du kan fylla på kortet.

Brukarnamn og passord for å logge på får du ved å setje kortet ditt i kortlesaren på vaskeriet. Då kjem informasjonen opp på skjermen. Du kan og skrive ut kvittering med informasjonen på dei vaskeria som har kvitteringsskrivar.
Når du har logga deg inn kan du tilpassa brukarnamn og passord slik du ønskjer.

I Miele-kontoen kan du og føra tilbake resterande beløp når du skal flytta ut, eller viss du har fylt opp litt for mykje på kortet.

Ditt vaskeri

Studentheimen
Stedjeåsen
Elvatunet
Elvatunet 1
Møllevegen 6-14
Møllevegen 16-24
Møllevegen 26-34

Bruk av vaskemaskin og tørketrommel

  • Set kortet ditt i automaten og vel maskinnummer.
  • Legg tøyet ditt inn i maskina med same nummer, ha i vaskemiddel og eventuelt tøymyknar i tilsvarande beholdar og vel programmet du ønskjer å nytta.
  • Skru på maskina for å setja i gang vaske' eller tørreprogram
  • Hugs å tømma maskina i rimeleg tid etter den er ferdig slik at den er klar til neste student som ønskjer å nytta ho.

I Møllevegen er det maskiner med automatisk dosering

Doseringa nyttar :

  • OMO profesjonell Finvask - til finvaskprogram
  • OMO profesjonell Hovedvask - til vanlege vaskeprogram
  • Milo Tøyvask - til ullprogram
  • OMO Profesjonell Skyllemiddel - I program med skyljing

Doseringa kan du skru av på maskina viss du ønskjer å nytta ditt eige vaske-/skyljemiddel.