Studentheimen

Dalavegen 8
Studentheimen er ei bustadblokk som rommer heile 78 hyblar og 5 2-roms leilegheiter.

Postadresse

[Namn] 
Dalavegen 8, [Romnr] 
6856 Sogndal

Døme:
Ola Nordmann
Dalavegen 8, 105
6856 Sogndal

Post

Du finn postrommet i kjelleren, ved inngangen nede bak.

Bod

Bodene finn du i kjelleren. Dei er merkte med hybelnummer der 2-3 hyblar deler bod. Lagring er på eige ansvar.
Har du ikkje fått bodnøkkel? Send ei feilmelding til drift via Boligtorget så ordnar vaktmeister med nøkkel til deg.

NB! Boda må tømmes ved utflytting.

Brannalarm

Brannalarmen på Studentheimen er kopla direkte mot brannsentralen i Florø. Det vil seie at brannvesenet får direkte melding når alarmen vert utløst. Har du utløyst ein falsk alarm er det difor viktig at du tek kontakt med brannvesenet når du avstiller alarmen for å gi dei beskjed om at det var ein falsk alarm.

Det er viktig at du set deg inn i branninstruksen for bustaden din slik at du veit kva du skal gjere om alarmen går. Den kan du laste ned her.

OBS!Kontroller alltid branntavla, og sjekk staden alarmen er utløyst for å forsikra deg om at det ikkje er ein reell alarm for du avstiller.

Parkering

Studentheimen har eigne parkeringsplassar for bebuarane. For å få løyve til å parkera her må du anten ha gjestebevis (korttidsparkering inntil 7 dagar)  eller kjøpa parkeringsoblat (langtidsparkering). Begge deler får du i vår administrasjon på Fosshaugane Campus. 

OBS! Hugs å ta med deg vognkort om du skal kjøpe parkeringsoblat.

Syklar

Sykkelparkeringa er inne i lag med søppeldunkane. Hugs å merk sykkelen din med sykkeloblat når du låser den inn her. Oblat får du i vår administrasjon på campus. Umerka syklar blir fjerna. Oppbevaring på eige ansvar.