Stedjeåsen

Stedjeåsen
Stedjeåsen er eit bustadområde bygd opp av fleire bustadhus. Her har Saman 90 hyblar fordelt på 12 to-etasjes hus. Av desse er 2 hyblar tilpassa rullestolbrukarar.

Postadresse

[Namn] 
Stedjeåsen [Husnr] - [Romnr] 
6856 Sogndal

Døme:
Ola Nordmann
Stedjeåsen 13-5
6856 Sogndal

Post

Du finn postrommet nede i hus 21, i lag med vaskeriet

Vaskeri

Vaskeriet for bebuarane i Stedjeåsen ligg i underetasjen i hus 21.

Bod

Boden er inne, same etasje som du bur i. Dette er felles bod for dei i etasjen. 

NB! Boden må tømmes ved utflytting.

Brannalarm

Det er viktig at du set deg inn i branninstruksen for bustaden din slik at du veit kva du skal gjere viss alarmen går. Den kan du laste ned her.

OBS! Kontroller alltid om det er ein reell alarm for du avstiller.

Parkering

Stedjeåsen har eige parkering for bebuarane. For å få løyve til å parkera her må du anten ha gjestebevis (korttidsparkering inntil 10 dagar)  eller kjøpa parkeringsoblat (langtidsparkering). Begge deler får du i vår administrasjon på Fosshaugane Campus. 

OBS! Hugs å ta med deg vognkort vis du skal kjøpe parkeringsoblat.

Syklar

Sykkelboden finn du ved sida av vaskeriet. Hugs å merk sykkelen din med romnummer når du låser den inn her. Umerka syklar blir fjerna. Oppbevaring på eige ansvar.