Søke bustad

Slik søker du studentbustad

Kven kan søke?
Alle som er studentar eller som søker om å bli studentar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine utdanningar i Sogn og Fjordane, som har fylt 18 år kan søke om studentbustad i Sogndal og Førde. Andre studenter kan også søke, men vil ikke bli prioritert. 

Du kan lese meir om dette i vårt tildelingsreglement.

Søknadsfrist
Søknadsfrist om du ønsker studentbustad frå 1. august 2018 er 15. april med påfølgande hovudtildeling. Etter dette vert ledige bustader tildelt fortløpande. 

Søknadsbehandling
Så snart du har sendt inn søknad vil du få ei oppsummering over søknaden. Du kan følge status på søknaden din ved å logge deg inn på Min side

  • "Tilbud" betyr at vi har sendt ein leigeavtale til Min Side som må signerast og returnerast innan akseptfristen.
  • "Akseptert" betyr at vi har motteke aksept på leigeavtalen.

Tildeling av bustad
Hovudtildeling av bustader med kontrakt frå august, vi startar å sende ut leigeavtalar frå 16. april. Resten av året sender vi ut leigeavtalane fortløpande.

Dersom vi kan oppfylle ønsket ditt om studentbustad finn du leieavtalen din på Min side. Du vil få melding på e-post om dette. For å takke ja til tilbodet må du signere i eGreement med Bank-ID, mobilnummer eller manuelt. returnere signert leigeavtale per e-post til post.sfj@sammen.no innan svarfristen i kontrakten. Takkar du nei til tilbodet blir søknaden din sletta.

OBS! Leigeavtalen er ikkje gyldig utan betalt depositum. Så pass på å betala depositum innan fristen. 

Eg veit ikkje om eg får studieplass til hausten
Du kan likevel søke og eventuelt takke nei til tilbodet etter følgjande reglar (gjeld berre leigeavtalar frå 1. august):

  • Dersom du gir beskjed før 25. juli vil vi løyse deg frå avtalen og returnere depositum så fort som råd.
  • Kansellerer du avtalen etter 25. juli vil det bli behandla som ei ordinær kansellering og vilkår for oppseiing, jf. leigeavtalen § 2.

Melding om kansellering må sendast skrifteig til post.sfj@sammen.no.

Spesielle tilfelle
Dersom du treng eit spesielt bu-miljø eller ein tilrettelagt bu-situasjon er det viktig at Saman får beskjed om dette før søknadsfristen. Send dokumentasjon om dette samstundes som du sender søknaden. 

Studentbustader for funksjonshemma
Vi tilbyr tilrettelagte studentbustader til funksjonshemma. I Sogndal finn du desse i Møllevegen.

Barn
Dersom du har eller ventar barn kan du søke familiebustad. Vi har familiebustader  på Elvatunet og i Møllevegen.

Husdyr
Dyrehald er ikkje tillate. Unntak vert gjort for førarhundar i tilpassa bustad.

Kommunikasjon om studentbustad skjer gjennom SMS og e-post. Det er difor viktig at du sjekkar at e-post frå Saman ikkje hamnar i spam-mappa di. Gjer den det er det viktig at du endrar innstillingane dine slik at vi blir ein 'godkjent avsendar'.