Parkering
Studentheimen, Stedjeåsen, Elvatunet og Elvatunet 1:
Det er eigen parkering for leigebuarar ved desse studentbustadane. For å få løyve til å parkera her må du anten ha gjestebevis (korttidsparkering inntil 7 dagar) eller kjøpa parkeringsoblat (langtidsparkering). Begge deler får du i vår administrasjon på Fosshaugane Campus.
OBS! Hugs å ta med deg vognkort om du skal kjøpe parkeringsoblat.
Prisar:
Frå 01.08.21:
Parkeringsoblat for haust- og vårsemester kr. 1000,-
Parkeringsoblat for vårsemester: kr. 500,-
Ver obs på at du kjøper retten til å parkere på eit område, ikkje ein spesifikk parkeringsplass.
Møllevegen:
I Møllevegen er det kommunal parkering med betalingsautomat. Ønskjer ein å kjøpa parkeringskort hjå Sogndal kommune kan du som bebuar få med deg ein rekvisisjon for rabattert pris frå administrasjonen vår.
OBS! Hugs å ta med deg vognkort for å få rekvisisjon.
Sjå heimesidene til Sogndal Kommune for meir informasjon om parkering.