Økonomi

Husleige/faktura

Saman sender ikkje ut papirfaktura.
Faktura frå oss finn du i fakturaoversikten på Min side.
Den kan betalas direkte på Min side med kort, i Vipps viss du får faktura der eller med KID- og kontonummer i nettbanken.
Husleiga blir fakturert førskotsvis for heile mnd, første arbeidsdag i månaden før, og har forfall den 15. kver månad. 

Prisliste for husleige og straum finn du her.

Det er også mogleg å forskotsbetale husleige for fleire månader, sjå her for meir informasjon om korleis du gjer dette.

Korleis få rekningane dine på VIPPS

For å kunne betala til oss via Vipps må du ha opna opp for å motta faktura i Vipps-appen. Det gjer du slik:

  • Opne appen og klikk deg inn på 'Profil' for å komme til innstillingane.
  • Gå inn på 'Betalingsvalg'
  • Skru på 'Motta regninger i Vipps' 

Problem med å betala innan forfall?

Ta kontakt så snart du oppdager at det kan bli problematisk å betala innan fristen slik at me kan prøve å finna ei løysing saman. 

Ved behov for betalingsutsetting lengre enn eit par veker må det søkas særskild om dette. Søknadsskjema finn du her.

Høyrer me ikkje noko frå deg, og husleiga ikkje er betald innan forfall vert det sendt vidare til Intrum for inkassovarsel. Då kjem det både renter og gebyr i tillegg til kravet.
Har du framleis ikkje betalt innan forfall på inkassovarselet vert det sendt ut inkassokrav og du risikerer både oppseiing og betalingsanmerking i tilleg til ekstra kostnadar. 
MERK! Første utsending frå Intrum skjer via brev til registrert postadresse hjå oss. Denne vil automatisk vere di hybeladresse med mindre du endrer det sjølv på bo.sammen.no.