Nytt betalingssystem i våre vaskeri

I perioden 16.-30.mars vil det bli installert eit nytt betalingssystem på alle våre vaskeri. Under installasjon vil det vere noko avgrensa tilgang til maskiner.

Det nye systemet heiter appWash by Miele. Det kjem oppslag på alle vaskeria med informasjon om korleis løysinga fungerer.

Litt om det nye systemet:

  • Betaling og start av vaskemaskin gjerast via app
  • Bruk av tørketrommel er inkludert i prisen for vask
  • Ein vil få SMS-varsel når vasken er ferdig
  • Eventuelle problem med løysinga kan sendast inn direkte til leverandør via appen

Ditt gamle vaskekort

Har du framleis pengar på vaskerikortet ditt må dette tilbakeførast, då det ikkje vil vere mogleg å nytte kortet med den nye løysinga. Det gjer du sjølv inne på din side for vaskerikontoen på www.mielelogic.com. Det tek normalt eit par dagar før pengane er på konto.
MERK: Transaksjonen kan ikkje vere eldre enn 6 mnd for å få den tilbakeført. Har du problem med tilbakeføring av saldo kan du ta kontakt på bustad@sammen.no .
Når nytt system er på plass kan du levere vaskekortet ditt i innsamlingsboksen på ditt vaskeri.

Ny pris og bruk av maskiner med nytt system

Ny pris for bruk av vaskemaskin vil vere kr 23 på vaskeri utan såpedosering, og kr 25 på vaskeri med dosering. Dette inkluderer bruk av tørketrommel.

Betaling og start av vaskemaskin gjerast via appen Appwash by Miele.
Tørketrommel er gratis i bruk og kan startas utan app. Dette er fordi vi ønskjer å auke bruken av tørketromlar for å få ned tørking av kle inne i bustadane. Tørking av kle inne bidreg til dårlegare inneklima og kan gje fuktskader. I nokre tilfelle er tørkestativ plassert slik at dei er til hinder for rømningsveg.

Feil på maskiner eller spørsmål om betalingsløysing

Du finn ein eigen chat-funksjon i appen for melding av feil. I chat veljer du ‘Forhåndsbetaling’ og ‘send melding’ for å sende inn. Det er viktig at du oppgir maskinnummer og ditt namn i meldinga for at Miele skal kunne hjelpe deg.

 appWash FAQ