Møllevegen

Her finn du praktisk informasjon om Møllevegen for leigebuarar.

Postadresse

[Namn] 
Møllevegen [Blokknummer][Hybelnummer]
6856 Sogndal

Døme:
Ola Nordmann
Møllevegen 10, H0204
6856 Sogndal

Post

Du finn postboksen din på bakkeplan under trappa til blokka di.

Vaskeri

Vaskeriet finn du på bakkeplan på motsatt side av trappeoppgangen til blokka di.

Bod

Alle bodene i Møllevegen ligg på bakkeplan i same blokk som bustaden høyrer til med unntak av to rullestoltilpassa leilegheiter.

Hybel: Det er ein bod per kollektiv. Nytt hybelnøkkelen din til boda som høyrer til ditt kollektiv for tilgang.
Leilegheit: 3 toroms leilegheiter deler bod. Her nyttar du same nøkkel som til ytterdøra di.
Rullestoltilpassa leilegheit: Dei 3 rullestoltilpassa leilegheitene deler bod i blokk 10. Leileheitene i blokk 20 og 30 får då eigen bodnøkkel for tilgang medan leilegheita i blokk 10 kan nytta nøkkelen til ytterdøra.

Oppbevaring på eige ansvar.

NB! Boden må tømmes ved utflytting.

Brannalarm

Det er viktig at du set deg inn i branninstruksen for bustaden din slik at du veit kva du skal gjere viss alarmen går. Den kan du lasta ned her.

OBS! Kontroller alltid om det er ein reell alarm for du avstiller.

Parkering

I Møllevegen er det kommunal parkering med betalingsautomat. Ønskjer ein å kjøpa parkeringskort hjå kommunen kan du som bebuar få med deg rekvisisjon for rabattert pris i administrasjonen hjå oss.  

OBS! Hugs å ta med deg vognkort for å få rekvisisjon.

Syklar

Møllevegen finn du sykkelparkering i parkeringshuset U2. Hugs å merke sykkelen med sykkeloblat. Umerka syklar blir fjerna.

Her finn du også meir generell informasjon for våre leigebuarar.