Feilmelding

Er vasken tett? Er noko øydelagt? Lurer du på noko vaktmeister eller husøkonom kan hjelpa deg med? Kontakt driftsavdelinga enkelt og effektivt gjennom henvendelser på bustadportalen.

Ved å nytta tenesten for melding av feil vil vaktmeister automatisk få informasjonen han treng om bustaden i lag med din melding.

Sidan du når heile driftsavdelinga med denne tenesten kan du og vere sikker på at nokon får meldinga sjølv om ein av vaktmeistrane ikkje er på jobb.

Kjem du ikkje inn på portalen?
Send ein e-post til bustad.sogndal@sammen.no

Treng du hjelp straks? 

Skjer det noko som t.d. vasslekkasje som gjer at du treng hjelp med ein gong for å unngå varig/større skade må du sjølvsagt ta kontakt på telefon. Fagleiar for ditt bustadområde finn du på kontaktlista som heng på fellesområdet.