Korttidsleige

Korttidsleige er eit tilbod til studentar og andre tilknytt Saman sine medlemsinstitusjonar som treng ein stad å bu i kortare periodar inntil 8 veker.

Saman tilbyr korttidsleige i vårsemesteret, når me har ledig kapasitet. Så lenge vi har ledige hyblar tilgjengeleg kan du leige frå 7 dagar inntil 8 veker.
Ønskjer du å leige lenger enn 8 veker må du søka via bo.sammen.no om ordinær leigeavtale. Det er ikkje mogleg å leige mindre enn 7 dagar.

Hyblane vert leigd ut med dyne/pute, men utan sengetøy og kjøkenutstyr.
Husa har parkeringsplass med parkeringsordning der oblat/kort kan bestillast i administrasjonen.
Leiga må betalast før nøklane blir utlevert.

OBS! Avbestilling mindre enn 48 timar før leigeperioden tek til vert fakturert med halve beløpet.
Ved manglande oppmøte utan varsel fakturerast heile beløpet.

Førespurnad sendas til bustad@sammen.no eller via henvendelse på bo.sammen.no.

Hugs namn, kontaktinfo og når du ønskjer å leige.