Korleis søke på studentbustad
Gå inn på https://bo.sammen.no.
1. Registrer deg ved å klikke på "Logg på Min side" og velg "vil du opprette en ny konto?". Følg instruksjonane og fyll inn din informasjon.
2. Når du er logga inn vil du sjå menyen "Søk" på topplinja. Klikk på den og velg "Søk bolig".
3. Klikk på pluss-teiknet nederst i høgre hjørne for å starte på din søknad. No vil du bli bedt om å velje ei venteliste. Det er viktig at du vel rett venteliste.
Klikk på "neste" for å registrere dine bustadønsker.
4. Dersom du allereie kjenner til ein annan student du ønsker å bu saman med/i nærleiken av kan du legge til dette i søknaden. Det er ei linje i søknaden der det står "Hvis aktuelt: Navn på samboer i bolig". Begge søkarar må skrive inn kvarandre sine namn her for at me skal kunne ta omsyn til dette og de må sende oss ein e-post og informere oss om ønske dykkar.
De som søker om parleiligheit må føre opp den de skal bu med som sambuar. Sambuar skal også registrere seg på bo.sammen.no slik at vi får registrert denne som leigetakar 2.
De som endå ikkje er student må føre opp den studiestaden de har søkt på/har på førsteplass på søknaden under "studiested".
5. I det neste steget skal du velje kvar du ønsker å bu ved å krysse av i boksane til høgre for den ønska bustaden. Du kan velje opp til 3 bustader og klikk på "neste" for å sette dei i prioritert rekkefølgje før du lagrar søknaden din.
6. Når du klikkar på "lagre" er søknaden din registrert hos oss.
No vil du på "søk bolig" finne dine aktive søknader.
NB! Sensitiv informasjon som medisinske dokument og attestar kan ikkje sendast som e-post grunna GDPR, det må sendast med post til Saman bustad eller leverast i lukket konvolutt til vår administrasjon.
Lukke til!