Henvendelser gjennom Min side

Lurar du på korleis du skal sende henvendelser gjennom Min side og kva du skal sende kvar? Her finn du ei kort forklaring:


Først må du logge deg inn på Min side, og finne Henvendelser under Meny. Deretter klikkar du på den oransje sirkelen med kvitt kryss på for å leggje til ein ny. Du finn også Legg til-knappen under lista med henvendelser du har sendt inn tidlegare. 

Hugs å sjekke at avtalen henvendelsen blir lagt på er den avtalen du har no.

Henvendelser_2.png

Dei ulike typane henvendelser er: 

1. Skademelding, vaktmester, renhold.
Her skal alle henvendelser som gjeld utbetring av rommet eller leiligheita di og spørsmål om bustaden din. 

Dei mest brukte kategoriane:
Feilmelding: Her sendast alt som skal til vaktmeistar, alt frå møblar som skal utbetrast, til spørsmål du har.

Renhold: Alle spørsmål om reinhald i bustaden din sendast her.

Skadedyr: Mistenker du at du har skadedyr i bustaden brukar du denne.

Utflyttingssjekk: Skal du flytte ut og ønsker ein gjennomgang av bustaden din saman med reinhald, kan du bruke denne.

2. Faktura, depositum
Her skal alle henvendelser som gjeld faktura og depositum knytt til leigeforholdet ditt.

Dei mest brukte kategoriane:
Depositum: Denne brukar du for alle spørsmål om depositum.

Husleie: Denne brukar du for alle spørsmål om husleige.


3. Administrasjon og kontrakt.
Her skal alle henvendelser som gjeld kontrakten din og buforholdet ditt, til dømes spørsmål om henting og levering av nøklar, kontrakt og oppsigelse, framleige og parkering.

Dei mest brukte kategoriane:
Fullmakt-nøkkelhenting: Skal nokon andre hente nøkler for deg, sender du henvendelse her. Hugs å få med namnet deira.

Parkering: Treng du godkjenning for parkering ved bustaden din sender du ein henvendelse her. 

Oppsigelse spørsmål: Har du spørsmål om oppseiing eller ønsker å søke om forkorta oppseiingstid, sender du ein henvendelse her.

Mistet vaskerikort: Har du mista vaskekortet og må få det sperra, sender du ein henvendelse her. Du kan også nytte denne dersom du trenge brukarnamn og passord til vaskerikontoen din.

Fremleie av bolig: Denne brukar du for å sende inn framleigesøknad eller spørsmål om framleige.

Klager: Dersom du har klager som gjeld naboforhold eller kontrakten din kan du sende dei her.

Andre henvendelser: Dersom du har spørsmål som ikkje passar andre stadar, kan du sende de her.