Har du krav på forseinkingsrente?

Har du krav på forseinkingsrente på bakgrunn av at du har leigd bustad og betalt depositum hjå oss?

Hausten 2022 vart det slege fast at praksisen Saman har hatt når det gjeld handtering av depositum i samband med utleige av studentbustader, trass i gjevne særordningar, ikkje har vore heilt korrekt.Dette er sjølvsagt noko vi seier oss lei for.

Dersom du er råka av dette og har krav på forseinkingsrente, ber vi deg ta kontakt. Krava vil bli behandlet og utbetalt fortløpande.

Krav om forseinkingsrente
Når det gjeld forseinkingsrente held vi oss til lovverket som seier at den som har ei fordring sjølv må krevje forseinkingsrente. Dette vil i praksis seie at studentar som bur, eller har budd, hos oss sjølve må sende inn et krav til oss på eige initiativ.

Alle som har eit rettmessig krav hos oss skal få tilbakebetalt forseinkingsrente på depositumet sitt dersom kravet kan dokumenterast.

Send en mail til faktura.bolig@sammen.no med informasjon om ditt leigeforhold hos oss, så skal vi svare deg så fort som råd.