Fornying av leigekontrakt
Tilbod om ny leigeavtale vil bli sendt ut i starten av mars kvart år til dei som har avsluttande leigeavtale per 31.07. same år.
Tilbodet blir sendt ut på e-post til den adressa du har registrert hjå oss på bo.sammen.no. Du må då svara på om du ønskjer ny leigeavtale eller ikkje. For å få tilsendt ny leigeavtale er det nokre vilkår som må oppfyllast:
- Alt forfalt uteståande må vere betalt.
- Bevis på betalt semesteravgift inneverande semester må sendast inn innan fristen
Når me har registrert og godkjent dokumentasjonen din, så vil me sende deg ei ny leigeavtale for signering. Normal signeringsfrist er 3 dagar.
Nytt leigeforhold er kun gyldig dersom det signerast innan fristen som står på avtalen.
OBS! Så lenge det ligg tilbod ute om ny avtale vil det ikkje vere mogleg å legge inn oppseiing. Gir du oss beskjed om at du ikkje ønskjer ny avtale kan vi fjerne tilbodet slik at du får lagt inn oppseiing.
Praktisk informasjon
- Du treng ikkje å betale nytt depositum når du fornyar leigeavtala di.
Det vil bli fakturert nytt depositum på den nye leigeavtalen, men vi vil flytte over depositumet ditt i slutten av juli/starten av august. - Husleiga vert justert frå 1. august kvar åt. Ny pris finn du i leigeavtala.
- Merk at: signering av ny avtale gjev deg ei ny bindingstid.
Ønskjer du å bytte bustad?
Du må likevel fornye kontrakten på den bustaden du har no. Du kan søke om bytte via Min side, då legg du inn ein ny søknad i ventelista «internt bytte». Dersom du får tildelt eit byttevil det då gjelde begge avtalane.
Usikker på om du skal vere student til hausten?
Du kan diverre ikkje få utsett fristen for å fornye, men du har moglegheit til å kansellere den nye avtala heilt fram til ein eigen kanselleringsfrist dersom du ikkje kjem inn på studia. Denne fristen vil vere informert om i e-posten med tilbod om fornying. Kansellering må gjerast skriftleg via henvendelse på bo.sammen.no eller til post.sfj@sammen.no og dokumentasjon frå Samordna opptak må leggjast ved.
Dersom du sjølv avsluttar studia, må du gje oss beskjed raskast mogleg og innan kanselleringsfristen. Det må gjerast skriftleg til post.sfj@sammen.no og du må legge ved dokumentasjon frå studiestaden din som stadfestar at du ikkje skal vere student til hausten.
Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med oss på e-post: post.sfj@sammen.no