Ekstra forskotsbetaling av husleige

Me får ein del spørsmål om ein kan betale husleiga for fleire månader på forskot, og det kan du! Her får du ei forklaring på korleis du gjer det:

  • Du må betale via nettbanken din til kontonummer 1506.13.61720;
  • Merk betalinga «forskuddsbetaling husleie for xxx måned – avtalenr xxxx-xx-xxxx). Avtalenummeret finn du på Min side under avtalen din.
  • Betalinga di blir normalt registrert på husleigekontoen din etter 1-2 virkedagar. Skjer betalinga før/under heilagdag/helg må ein rekne fleire dagar.
  • Faktura sendast ut som vanleg 1. virkedag i månaden, men blir automatisk sjekka mot det du har betalt inn.
  • Du kan kontrollere betalinga ved å gå inn på Min Side og sjekke om faktura har fått status «betalt» (gjer dette gjerne før den forfaller slik at du kan gje oss beskjed om du ser at faktura framleis visast som ubetalt).
  • Ta gjerne kontakt med bustad@sammen.no eller send ein henvendelse via Min side om du lurar på noko.

Hugs at dette gjeld husleige som ikkje allereie er fakturert. Dersom du har fått ein faktura for husleige må denne betalast som normalt med korrekt KID eller via Min side.