Flytte ut

Oppseiing

Ønskjer du å flytte ut før kontrakten din utløper må du hugse på å seie den opp. Det gjer du ved å legga inn oppseiing i kontrakten på bo.sammen. Gjeldande oppseiingstid finn du i §2 Tidsrom for avtalen i kontrakten din.

Reinhald ved utflytting

Når du flytter ut skal du reingjere heile bustaden din. Bur du i kollektiv vil du òg få tildelt ein del av fellesorådet som skal reingjerast. Ta kontakt med husøkonom i god tid for å avtala utflyttingskontroll slik at du er sikker på at dei har ledig tid den dagen du planlegg å flytta.

Tips!
Har du utflyttingskontroll vil du få beskjed viss noko av reinhaldet ikkje er godkjend, og du vil då kunne gå inn att og retta opp manglane.
Det vil du ikkje kunne gjere viss du har levert frå deg nøklane dine. Då er bustaden rekna som tilbakelevert j.f. Husleigelova. Det vil seie at det som ikkje er godkjend vert dokumentert før det vert reingjort og arbeidet vert fakturert deg på Min side.
Fyll ut skjema via denne linken for å sende førespurnad om utflyttingskontroll

Her finn du sjekkliste for vask av bustaden:

Leilegheit/Hybelleilegheit

Studentheimen, hybel

Stedjeåsen, hybel

Elvatunet, hybel

Elvatunet 1

Møllevegen, hybel

Adresse

Hugs å legge inn ny adresse på Min side, melde adresseendring til Posten og evt. endre adressa di i Folkeregisteret. Post som kjem til studentbustaden etter leigebuar har flytta ut blir sendt i retur.

Levering av nøklar

På infotavla på fellesområdet finn du ei mappe med konvoluttar som skal nyttas ved innlevering av nøklar.
Fyll ut framsida, ha nøklane i og lever anten til husøkonom ved utflyttingskontroll, i administrasjonen eller i ein av Saman sine postkasser.

Etterfakturering


Merk at du  kan bli fakturert etter kontraktslutt. Du vil ikkje få noko ekstra varsel om dette, men kostnadar som t.d. reinhald, skadar eller tapte nøklar vil normalt vere fakturert innan 1 månad etter kontraktslutt.