Flytte inn
Opningstid
Måndag-Fredag
8:00-15:00
Gjer deg kjend med kontrakten
Du finn kontrakten ved å logge deg inn på Min Side. Når du signerer kontrakten din, så aksepterer du òg dei vilkår knytt til den. Det er difor viktig at du les kontrakten med vedlegg før signering slik at du er kjend med kva du pliktar deg til.
Har du akseptert kontrakten din?
Når du har lest kontrakten m/vedlegg og er klar for å signere kan du gjere det i eGreement anten med Bank ID, mobilnummer eller ved å signere manuelt. Frist for signering (akseptfrist) finn du i eGreement.
Kva med depositum?
Vi krev ikkje lenger depositum til våre leigeavtaler.
Når kan du flytte inn?
I leigeavtalen din står det ein startdato for leigeforholdet ditt. Det er frå og med denne datoen du kan få utlevert nøklar og flytte inn. Fell denne datoen på helg eller heilagdag er det førstkommande ordinære arbeidsdag som er gjeldande. Det finn du og i leigeavtalens §8. Overlevering av bustad - innflytting.
OBS! Hugs at første husleige må vere betalt før du får flytta inn.
Slik får du nøklane dine
Hugs legitimasjon ved henting av nøklar.
Dei kan hentast i vår administrasjon innanfor opningstid. Me held til i Stadionbygget på Fosshaugane Campus. Følg skilting til Campus Nord. Nytt inngang 2 (Port 2) for å lettast finna fram.
Rekk du ikkje henta dei sjølv kan du avtala med nokon som kan henta nøklane for deg. Du må då sende oss ei skriftleg stadfesting på dette med namn på personen som har løyve til å henta nøklane dine. Dette gjer du via funksjonen 'henvendelser' på Min side.
Skademelding og reinhald
Sjå over bustaden din og sjekk at alt er reint og i orden, og send inn ei henvendelse viss det er feil/manglar. Hugs å velje Tema 'Vaktmester, renhold' for henvendelsen for at den skal komma til drift og reinhald.
OBS! Dersom det er manglar som må utbetrast er det viktig at nokon frå vår avdeling for reinhald/drift er inne til synfaring/vurdering. Utbetringar gjort utan at Saman er involvert vil ikkje kunne vurderast til evt. kompensasjon.
Møblering
Hybel/hybelleilegheit: Utstyrt med garderobeskap, skrivebord og stol,
Fellesområder: Møblert med sofagruppe m/bord og spisebord m/stolar.
Leilegheit: Utstyrt med garderobeskap, elles umøblert.
Finn meir informasjon om møblementet for din bustadtype på bebuarportalen; www.bo.sammen.no
Her finn du oss:
Besøksadresse Torlladalen 30, 6856 Sogndal
Inngang ved Campus Nord