Elvatunet 1

Her finn du praktisk informasjon om Elvatunet 1 for leigebuarar.

Postadresse

[Namn] 
Elvatunet 1 [Husbokstav][Hybelnummer]
eller
Elvatunet 12[B/C] [hybelnummer]
6856 Sogndal

Døme:
Ola Nordmann
Elvatunet1 A12 eller Elvatunet 12 B14
6856 Sogndal

Post

Du finn postrommet i fellesbygget ved parkeringa til Elvatunet.

Vaskeri

Vaskeriet for bebuarane på Elvatunet1 A-J er i fellesbygget ved parkeringa til hus A-J.
For bebuarane på Elvatunet 12 B og C er det kortast veg å nytta vaskeriet i fellesbygget ved parkeringa til Elvatunet.

Bod

Bodane er i eit eige bygg ute. Dei er inndelt per hus per etasje, slik at dei i same kollektiv deler bod. Di bod er merkt med hus og etasje og det er hybelnøkkelen din som passer i låsen. Oppbevaring på eige ansvar.

OBS! Boda må tømmes ved utflytting.

Brannalarm

Det er viktig at du set deg inn i branninstruksen for bustaden din slik at du veit kva du skal gjere viss alarmen går.
Den kan du lasta ned for Elvatunet 1 A-J her
 og Elvatunet 12 B og C her

OBS! Kontroller alltid om det er ein reell alarm for du avstiller.

Parkering

Elvatunet 1 har eige parkering for bebuarane. For å få løyve til å parkera her må du anten ha gjestebevis (korttidsparkering inntil 10 dagar)  eller kjøpa parkeringsoblat (langtidsparkering). Begge deler får du i vår administrasjon på Fosshaugane Campus. 

OBS! Hugs å ta med deg vognkort vis du skal kjøpe parkeringsoblat.

Syklar

Elvatunet 1 har stativ for sykkelparkering ute. Hugs å merk sykkelen din med sykkeloblat når du set sykkelen din her. Oblat får du i vår administrasjon på campus. Umerka syklar blir fjerna.

Her finn du også meir generell informasjon for våre leigebuarar.