Elvatunet

Elvatunet
Elvatunet er eit bustadområde 4 minuttar frå campus der Saman har 80 hyblar og 8 leilegheiter fordelt på fem to-etasjes hus.

Postadresse

[Namn] 
Elvatunet [Husnummer]- [Hybelnummer] 
6856 Sogndal

Døme:
Ola Nordmann
Elvatunet 4-21
6856 Sogndal

Post

Du finn postrommet i fellesbygget ved parkeringa, i lag med vaskeriet

Vaskeri

Vaskeriet for bebuarane på Elvatunet er i fellesbygget ved parkeringa.

Bod

Boda er inne i enden av korridoren der du bur. Boda din er merkt med hybelnummer og det er hybelnøkkelen din som passer i låsen. Oppbevaring på eige ansvar.

OBS! Boda må tømmes ved utflytting.

Brannalarm

Det er viktig at du set deg inn i branninstruksen for bustaden din slik at du veit kva du skal gjere viss alarmen går. Den kan du laste ned her.

OBS! Kontroller alltid om det er ein reell alarm for du avstiller.

Parkering

Elvatunet har eige parkering for bebuarane. For å få løyve til å parkera her må du anten ha gjestebevis (korttidsparkering inntil 10 dagar)  eller kjøpa parkeringsoblat (langtidsparkering). Begge deler får du i vår administrasjon på Fosshaugane Campus. 

OBS! Hugs å ta med deg vognkort vis du skal kjøpe parkeringsoblat.

Syklar

Sykkelboden finn du mellom hus 6 og 8. Hugs å merk sykkelen din med romnummer når du låser den inn her. Umerka syklar blir fjerna. Oppbevaring på eige ansvar.