- Sosialt og seriøst!
Helene flytta inn før korona i 2019, og seier at det i ein normalsituasjon er lett å bli kjent med folk, og at det ofte er sosiale events i fellesareala på bustadane. Tilgangen på vaktmeistar og faste vaskerutinar gjer at Helene kjenner seg trygg som leigebuar hjå Saman.
Sosialt og inkluderande
- Det var veldig lett å bli kjent med folk. Eg flytta inn i eit kollektiv med 3 andre, og då kjente ingen av oss kvarandre. Eg trudde det var nokon som hadde budd der lenge, men det stemte ikkje. Så det som skjedde var at me blei veldig gode venner heile gjengen og hadde masse koselege middagar.
Helene fortel om eit inkluderande miljø i kollektivet. Og at dei etterkvart også deltok på events i fellesareala på dei andre bustadane. Ho trekk særleg fram det sosiale aspektet som ein fordel ved å bu på studentbustad, det at mange der er i samme situasjon gjer det lett å bli kjent med nye folk.
Trygt
- Mindre styr og seriøst. Eg synast vaskerutinar osv. er veldig greitt, du blir bedt om å gjere ting, men du er fremdeles meir sjølvstendig her enn heime med mor og far.
Helene meiner det er ein fordel at Saman er ein større, seriøs aktør med lang erfaring innan bustadutleige. Ho fortel at vaskerutinar og vaktmeistrar gjer at ting følast trygt, og likar at problem i bustadane blir ordna opp i.
Tilslutt trekk Helene fram at for dei som ikkje har budd heimefrå før, så er Saman eit sikkert val.
- Her bur ein veldig nærme alt, og det er ein fin måte å bli kjent med folk på når du flyttar til ein ny plass aleine.
Me hjelper deg med å finne studentbustad
Om du treng ein stad å bu er du hjarteleg velkomen til å søke på våre studentbustadar. Me har bustadar tilpassa alle behov. Vil du bu i kollektiv med vennene dine? Eller føretrekk du kanskje eit rom eller ei leiligheit med eige kjøkken og bad? Har du barn eller treng du særskilt tilrettelegging? Me har også bustadar tilpassa familiar og HC. Det er uansett sosialt å bu hjå oss, og det er lett å bli kjent med andre studentar på fellesareala. I tillegg er me kjent for å vere ein trygg utleigar med ordentlege kontraktsforhold og vaktmeistarar som står klare til å hjelpe deg dersom det skulle vere noko.
Søk no!
Me startar tildeling av bustadar for haustsemesteret den 15. Mai. Søk så snart som mogleg, slik at du sikrar deg bustadtypen du ønskar deg. Etter hovudtildelinga i mai har me løpande tildeling av bustadar etter søknadsdato. Her kan du lese meir om søknadsprosessen. Finn deretter din Saman-bustad i vår bustadportal og legg inn din søknad her.