5 gode grunner til å velje Saman Bustad

Skal du studere og treng ein stad å bu? Studentsamskipnaden på Vestlandet (Saman) tilbyr rimeleg bustad til alle studentar over 18 år som studerer ved ein utdanningsinstitusjon tilknytt Saman.

Her er 5 gode grunner til kvifor du skal velje Saman Bustad.

1. Variert
Saman Bustad har eit variert utval av bustadtyper. Om du ønskjer å bu aleine, med venner, i par, eller med familie har vi noko som passar for alle. 

2. Rimeleg
Saman Bustad tilbyr konkurransedyktige priser som er rimelegast mogleg for studentar. Alt overskot vil alltid gå tilbake til studentane for at dei skal ha det best mogleg. Ein hybel i kollektiv hjå oss har ein snittpris på 3 570 kroner. Alle bustadane har fastpris på straum for å gi deg som student mest mogleg forutsigbare utgifter.  

3. Trygt
Ikkje berre er det variert og rimeleg å bu hjå Saman Bustad, men det er også trygt. Hjå oss er du garantert ein stabil og profesjonell utleigar. Alle leigetakarar må skrive under ein kontrakt, noko som er både trygt for deg og oss. Vi har vaktmeister tilgjengeleg som kan hjelpe deg om det skulle være noko. Vaktmeister kan enkelt kontaktas via "Min Side". Har du eit akutt problem utanom våre opningstider kan du enkelt kontakta Securitas for hjelp. Fastpris på straum er også trygt og forutsigbart. Hja oss vil du alltid bli godt ivareteken som leigetakar. 

4. Sosialt
Ein av dei mange fordelane med å bu hjå oss er det sosiale miljøet. I våre bustadar bur det kun studentar som er i akkurat same situasjon som deg. Dette gjer terskelen for å bli kjent med nye folk litt lågare. I tillegg har alle kollektiv gode fellesområder med stove og kjøken som naturleg samlingsplass. 

5. Sentralt
Saman Bustad har hyblar og leilegheiter sentrert kring campus og HVL. Uansett kva bustad du bur i hjå oss er det kort veg å gå til skule og Sogndal sentrum. Bustadane ligg og nær kollektivtransport slik at du enklast mogleg kan bevege deg ut frå Sogndal sentrum til t.d. skianlegg eller heimbyen. 

Her finn du praktisk informasjon kring søknadsprosessen.

Søk her før 15. mai!

NB. Er du usikker på om du får studieplass til hausten? Du kan likevel søke og seinere seie opp avtalen, dersom du gir beskjed innan oppgitt kanselleringsfrist. Informasjon om dette blir sendt ut i lag med tilbod om bustad.