Stafettlogg

Studentbarnehagen brukar Stafettloggen for eit betre og meir gjennomsiktig foreldresamarbeid og medverknad.

I Sogndal kommune skal det vera stort fokus på barn og unge sin trivsel. Kommunen skal vere ein trygg stad å veksa opp i, men stundom kan ein likevel oppleva utfordringar og vanskar. Då er det ekstra viktig å bli sett og høyrt av trygge vaksne som kan hjelpa.


Sogndal kommune har frå hausten 2020 teke i bruk Betre tverrfagleg innsats (BTI) som den samhandlingsmodellen skulane og barnehagane skal bruka i arbeidet med barn og unge. Stafettloggen er eit verktøy i denne samhandlingsmodellen. Sogndal studentbarnehage brukar den elektroniske stafettloggen for eit betre og meir gjennomsiktig foreldresamarbeid og medverknad. 

Logg inn her på den elektroniske stafettloggen

Meir informasjon om BTI og kva du kan gjere om du lurar på om eit barn treng hjelp, finn du her på heimesidene til Sogndal kommune.

Kva er ein Stafettlogg? 

  • Ein stafettlogg er ei elektronisk loggbok som dokumenterer alle tiltak, møter og viser kven som er involvert.
  • I Stafettloggen er alle iverksette tiltak med vurderingar for kvart barn samla.
  • I Stafettloggen skildrast dei avtalar som er inngått.
  • Stafettloggen gjev ein oversikt over kva tenester og kva fagpersoner som er involvert og kva oppgåver dei har.
  • Bruk av loggen skal bidra til å sikre ditt barn rett oppfølging i den tida barnet går i barnehagen og kan også bidra til ein god start ved overgangar til skule og andre barnehagar.

Stafettloggen utarbeidast alltid i samarbeid med de som foreldre ved at de gjev samtykke. De vil til ei kvar tid vere oppdatert på det som er skrive i loggen. Kun barnet sine foreldre og dei personane som foreldra gjev tillating til, kan få lesetilgong til Stafettloggen.

Når starter ein Stafettlogg?
Når ein medarbeidar og foreldre er gjort oppmerksam på eit barn, har diskutert bekymringar og bestem seg så for å sette inn eit tiltak rundt barnet. Stafettloggen startar når foreldrene har gjeve sitt samtykke og eit tiltak skal iverksettast – altså når det inngåast eit samarbeid rundt deira barn. Tiltaka vil knyttast til utviklingsområder der barnet kan ha nytte av ekstra støtte i ein
periode eller over tid. Det hentast alltid inn samtykke frå foreldrene, dette utvidast når flere tenester involverast. Det hentast også inn samtykke ved alle overgangar.

Når sluttar ein Stafettlogg?
Stafettloggen sluttar når de som foreldre saman med øvrige samarbeidspartar ser at barnet trivast og tiltaka har gjeve ønska effekt. Som foreldre kan de til ei kvar tid avslutte loggen.