Marte Meo-metoden
I vår barnehage bruker dei tilsette Marte Meo-metoden for å styrke samspelet mellom dei vaksne og barna. Barns utvikling og læring føregår i relasjon til, og i samspel med, andre. Difor legg vi stor vekt på å utvikle god relasjonskompetanse hos både barn og tilsette.
Vi har snakka med Anette Maalen, som er assisterende styrar i Fantoft Barnehage, for å få eit innblikk i kvifor Marte Meo-metoden har stor verdi for barna.
Av eigen kraft
Anette fortel at Marte Meo er ein barnesentrert metode der barnet er fasiten, og i fokus heile tida. Metoden er internasjonalt anerkjend og det brukes bilete og video til å bevisstgjere dei tilsette korleis dei møter barna.
- Marte Meo kjem frå det latinske begrepet “mars martis” og betyr “av eigen kraft”. Kort forklart handler det om å tilrettelegge og støtte barnet til å oppleve meistring i samspel med andre. Vi har fokus på kva barnet allereie meistrar, og kva det kan klare å meistre med litt støtte frå dei vaksne.
- Med andre ord er det ikkje så mykje fokus på kva barna bør kunne, som til dømes å slutte med bleie eller å ete sjølv, men heller på kva dei treng av hjelp og støtte for å faktisk få det til.
Vi har fokus på at barna skal kjenne meistring og positiv energi
- Sjå føre deg at barnet ditt sit i garderoben og skal ta på seg yttertøyet for å gå ut å leike. I ein slik situasjon vil den tilsette vere til stades og støtte barnet der det treng det. For nokon blir oppgåva for stor, og då treng dei gjerne støtte til å dele opp aktiviteten i mindre delar. Då får dei gjerne høyre, steg for steg, kva dei kan gjere: «Nå kan du henta regnbuksa di», og «Sett deg på rumpa, slik ja! Så inn med den eine foten».
- Vi har også fokus på at barnet skal få avslutta aktiviteten sjølv. Treng barnet hjelp med glidelåsen, er det fort gjort at den vaksne drar den heilt opp når ein først er i gang. Men om den vaksne heller hjelper til i starten, klarer kanskje barnet å dra glidelåsen opp den siste biten sjølv. Det kan gje ein meistringskjensle, positiv energi og ein fin overgang til neste aktivitet. Får barnet høyre «Sånn ja!» frå ein vaksen i det glidelåsen er oppe, kan det vere med å forsterka kjensla av meistring.
Metoden hjelper dei tilsette å betre forstå det enkelte barnet
Anette fortel at metoden jamnleg blir brukt til personalutvikling for at dei tilsette betre skal forstå det enkelte barnet.
- I løpet av ein barnehagedag kjem barnet i kontakt med ulike barn og vaksne. Alle desse små sosiale møtene har moglegheitas augeblikk i seg. Hos oss møter barna vaksne som ser og grip desse moglegheitene. Vi set ord på barnas initiativ og støtter dei til å registrera seg sjølv og sine kjensler i samspel med andre. Dette gir dei ei oppleving av å meistre kvardagen sin.
"Eg er ein god leikekamerat"
Eit eksempel kan vere Mads på to år som sit på golvet. Han leiker med ein raud bil som han køyrer opp og ned på parkeringshuset framfor seg. Mona - også to år - kjem mot Mads med armane utstrekt mot den raude bilen. Mads skundar seg å plukke opp bilen og knuger den fast i hendene sine – han vil ikkje dela. Den vaksne ser situasjonen og støtter barna ved å setje ord på det som skjer: «Mona har også lyst til å køyre bilar på parkeringshuset» Mads ser opp på den vaksne og så på Mona. «Du kan finne ein bil i kassa», seier den vaksne til Mona. Mona ser ned i kassa: «Raud», seier ho. «Ja du ville ha ein raud bil slik som Mads», seier den vaksne. I lag leiter dei i kassa og finn ein raud bil. Mona set seg ved sida av Mads og køyrer bilen sin opp på parkeringshuset. Dei to barna ser på kvarandre og smiler.
I denne situasjonen får Mads støtte til å forstå Mona sine intensjonar og handlingar. Det gjer Mona sine handlingar meir forståele for Mads. I tillegg får Mona støtte til sjølvregistrering, til å forstå at ho vil også leike med biler. Og ho får støtte til å finna ein raud bil som ho kan leike med. Begge barna går ut av denne situasjonen med ei kjensle av meistring: «Eg er ein god leikekamerat!» Slike opplevingr tek dei med seg inn i nye møter med andre barn.
Positive foreldre
På spørsmål om kva tilbakemeldinga dei har fått frå foreldra seier Anette at dei er svært nøgde.
- Foreldra fortel at dei tilsette har blitt enda betre på å sjå barna, og at det er tydeleg at barna har fått fleire verktøy til å meistre kvardagslege situasjonar som å kle på seg sjølv, ete sjølv og handtere følelsane sine.
Her kan du lese meir om Marte Meo-metoden.