Søke barnehageplass

Sogndal Studentbarnehage nyttar dei same fristane og søknadsskjema som andre barnehagar i kommunen. Me har løpande opptak dersom me har ledige plassar.

Sogndal Studentbarnehage har 3-avdelingar med 44 plassar. Barnehagen er open for alle, men studentar med born og dei som er tilsette ved HVL vert prioritert fyrst. 

Søknadsfristen for hovudopptaket er 1. mars. Vert det elles ledige plassar har me også løpande opptak.

Søknaden om barnehageplass sendast via Sogndal kommune sine nettsider. 

NB! Student eller tilsett? Hugs å kryss av for dette i skjemaet slik at du har prioritet i opptaket. 

I studentbarnehagen startar barnehageåret den 1. august. Tildelt barnehageplass gjeld til barnet skal starte på skulen. Du treng ikkje søke på nytt kvart barnehageår.