Bolig

Oppdatert: Klokken 16.00 - 12. mars

Saman følger situasjonen kring koronaviruset fortløpande og forheld oss til Folkehelseinstituttets anbefalingar. Her vil vi legge ut informasjon om Saman. Dersom det er informasjon som berører deg som bebuer direkte, vil du bli kontakta av oss på e-post eller telefon. Det er viktig at du sjekker Min side for å sjå at vi har korrekt kontaktinformasjon til deg. 


Korleis kan eg førebyggje smitte?
 
Vask hendene grundig, og bruk papirlommetørkle framfor munn og nase når du hoster eller nys. Tørk over overflater som telefon og PC jamnleg med alkoholhaldig desinfisering. Vi oppfordrar alle våre bebuarar til å vere nøye med hygiene og vask på alle fellesområder dei nyttar seg av, spesielt bordflater, dørhandtak og område kring komfyr og vask. 

Vekevask
Då vi veit mange reiser heim grunna stengde skular vil det inntil vidare ikkje bli noko sjekk av vekevask på fellesareala. Vi ber dykk som er att om å passa på å halde det reint sjølve.

Låsing av dører
Vi ønskjer å minne dykk på å låse dørene etter dykk når de reiser ut av bustaden. Hugs å ha med dykk nøklar! Våre tilsette på drift og reinhald kjem til å låse dører som står ulåst.

Har du spørsmål om Korona?  
Om du ikkje finn svar på fhi.no kan du ringe deiras informasjonstelefon på: 815 55015. 

Har du vore på reise utanfor Norden etter 27.februar?
Har ein vore i utlandet etter 27.februar skal ein i karantene i 14 dagar frå ein kjem heim.

Ler meir om heimekaranetene her

Bur du i kollektiv med ein eller fleire i karantene?

Du er rekna som husstandsmedlem med dei du bur i kollektiv med der de deler bad og/eller kjøkken. Det er viktig at de følger FHI sine råd om heimekarantene.s.

Mistenker du at du er sjuk? 
Om du trur du kan vere smittat, ring fastlegen. Dersom du ikkje får tak i fastlegen, ring legevakt på 116117 

Send også ein e-post til bolig@sammen.no og informer om kvar du bur. 

Ikkje møt opp på legekontor eller legevakt utan avtale. 

 
Kan eg ha besøk i studentbustaden min? 
Vi har foreløpig ingen restriksjonar på besøk, men dersom du nyttar deg av felleskjøkken ber vi deg begrense det så mykje som mogleg. Vi ber våre bebuarar om å ikkje ta imot besøkande som har symptom på forkjølelse og hoste. Ver obs på at dette kan endre seg på kort varsel. 
 

Har du blitt satt i karantene eller isolasjon? 
Det er viktig at du informerer oss dersom du blir satt i karantene eller isolasjon i ein av våre bustadar. Send oss ein e-post på bolig@sammen.no. 

Er det trygt å vere i Saman sine bustadar no? 
Det er like trygt å opphalde seg i våre bustadar som andre plassar. Vi følgjer situasjonen nøye, og iverksetter tiltak etter anbefaling frå Smittervernkontoret og kommunelege