På tur Saman
Bli med små grupper på turar i nærområdet.
SiF Uteliv arrangerar turar for studentar i samarbeid med Saman. Turane er opne for alle som kan tenke seg å gå på tur, det er ikkje krav til forkunnskapar eller turkunnskapar. Saman stiller med noko god snacks til dei som er med.
Kvar tur vert leia av ein turguide eller to. Turguidane er også studentar i Førde og er oftast tilknytt studentorganisasjonane her. Kanskje finn du ei ny interesse, ein ny ven, ei ny ruslerute eller du rett og slett får vite om kva aktivitetar som skjer i Førde.
Det vert arrangert turar med jamne mellomrom. Desse vert lagt ut som events på facebook. Her finn du eventet og påmeldingsskjema.
God tur!
Lyst til å vere turguide?
Meld deg inn i facebookgruppa: SiF Uteliv - Turleiarar/Stemningsspreiar