Aktiv Saman

Å gå inn i ein ukjent situasjon aleine kan vere utfordrande. Har du lyst til å klatre eller delta på ein studentaktivitet, men veit ikkje heilt korleis du skal starte eller kvar? Ta kontakt med vår buddy i Førde.

Om Aktiv Saman

Aktiv Saman er ei gratis teneste for deg som ynskjer å kome i gang med aktivitet i ein eller annan form, men som ikkje heilt veit kvar eller korleis du skal starte. Aktiv Saman er også ei teneste du kan nytte deg av for å ha nokon å reise i lag med på ein aktivitet. Dette er eit gratis lågterskel tilbod til både nye studentar og for dei som har studert lenge i Førde.

  • Vil du prøve deg i klatreveggen?
  • På gåturar i området eller på fjellet?
  • Bli kjend i svømmehallen?
  • Prøve ut eit treningssenter/ gruppetime med nokon?
  • Bli med på studentklatring eller studentbading med nokon? 

Me kan hjelpe deg i gang med den aktiviteten du ynskjer eller med å få ein fot innanfor studentlivet i Førde. 

Kva må eg gjere?

Alt du treng å gjere er å ta kontakt via skjemaet under. Deretter vert de einige om korleis og med kva de skal sette i gang. Målet er at du etter kvart på eiga hand skal bli trygg og sjå gleda og nytten av å vere aktiv og sosial i studietida di. 

Bli kjend med Siri

"Hei! Eg heiter Siri. Eg er her for deg som ynskjer å drive med ein eller annan aktivitet, men som kanskje treng litt hjelp for å kome i gong. Dette er eit lågterskeltilbod som me tilpassa dine behov og ynskjer, anten det er å byrje å trene for fyste gong, eller om du berre treng hjelp til å få oversikt over moglegheitene for aktivitet i Førde. Me kan også gå i lag på studentklatring, studentbading eller vere med SiF Uteliv på turar. Eg er med på det meste og kan hjelpe deg å få ein fot innanfor studentmiljøet. Saman kan me setje små eller store mål og møtast så ofte og lenge som du treng for å kunne fortsette på eiga hand."

siri.png