Start ein studentorganisasjon!

Ønsker du å starte ein eigen studentorganisasjon? Finn ut meir her!

Korleis starte ein studentorganisasjon?

Er de ein liten gjeng studentar med felles interesse eller mål? Eller har du engasjement for ei sak du har lyst til å jobbe meir med på frivillig basis? Har du eit ønskje om å betre studentmiljøet i Førde? Det er alle gode grunnar til å starte ein ny studentorganisasjon. Her følgjer ei rekkje tips til korleis de kan gå fram for å starte deira eigen studentorganisasjon.

Før de startar si eiga, kan det vere lurt å sjå på oversikta over studentorganisasjonar på Saman sine sider for å sjå om det allereie eksisterer ei tilsvarande organisasjon eller foreining frå før. Det er ikkje noko i vegen for å starte ei organisasjon med same formål som ein eksisterande organisasjon, men dersom det alt finst ein organisasjon som driv med det same, kan det av og til vere enklare å bli med i denne.

Ha klart for dykk kven de er og kva de vil. Det kan vere lurt å leggje ei plan for kva de har lyst til å drive med i den første tida. Kva aktivitetar ein organisasjon driv med, kan ofte endre seg etter kvart, men det er greitt å leggje ei plan i byrjinga. I tillegg kan det vere lurt å snekre saman vedtekter og interne reglar tidleg. Vedtektene er ikkje berre nyttige for dykk sjølve, men er også nødvendige når de skal registrere dykk i Brønnøysundregisteret.

For nokon kan ord som GF, vedtekter og protokoll vere framande. Sjekk gjerne ut vår forklaring av typiske ord som blir brukt om og i organisasjonar her:

Begreper det er
kjekt å kjenne til:

Registrering

Alle organisasjonar som ønskjer å motta økonomisk støtte, nyttiggjere seg av lokale eller stå på stand må registrere seg eitt eller fleire stader. Alle organisasjonar bør registrere seg i Brønnøysundregisteret. Dette gir dykk eit eige organisasjonsnummer og er nødvendig både for å kunne opprette ein eigen bankkonto og for å registrere dykk andre stader.

Idrettslag kan registrere seg hjå Norges idrettsforbund og søkje om tilhøyrsle til dei store studentidrettslaga, som til dømes BSI, FSI eller Studentspretten i Sogndal. (Desse er allereie medlem i idrettsforbundet, så dersom de søkjer tilhøyrsle hjå dei, treng de ikkje søkje om medlemskap i NIF i tillegg).


Vedtekter

For å etablera ei studentorganisasjon er det lurt å ha vedtekter. Vedtektene er dei grunnleggjande reglane for organisasjonen, og seier korleis han skal drivast, kva som er formålet med organisasjonen, korleis generalforsamling/allmøte skal gjennomførast, kven som kan bli medlemer, korleis styret vert valt, medlemmers rettar, økonomiske og juridiske forhold, samt korleis organisasjonen kan leggast ned.

Det viktigaste å tenke på når ein set saman vedtektene er at dei skal sikra organisasjonen deira ein god og sunn drift. Vedtektene er først og fremst der for å veilede organisasjonen sin drift og styring. Før forslag til vedtekter skrivast er det lurt å tenke gjennom korleis ein ser for seg at organisasjonen skal drivast, kva problemstillingar dette reiser og dermed kva ein treng bestemmelsar for i vedtektene. Gode vedtekter gir svar i tvilsspørsmål i organisasjonen og kan hindre ueinigheiter i enkeltspørsmål.

Under er eit forslag til vedtekter der det er teke omsyn til krav frå for eksempel Brønnøysundregisteret. Kva ein forening treng å regulera i vedtektene er individuelt og heng saman med storleik og type drift eller til dømes om ein er ein enkeltståande organisasjon eller har formell tilknyting til andre organisasjonar.

Sammen Studentlivs
vedtektsmal:

Debatt- og
voteringsreglement
til generalforsamling:

Økonomi - søk om pengar!

Det er alltid lurt å ha orden på økonomien i organisasjonen deira, og jo før de byrjar med gode rutinar, jo betre.

Når de har registrert dykk, og fått orden på vedtekter og budsjett, kan de byrja å søkja om pengar til organisasjonen deira. Det finst ei rekke støtteordningar som studentorganisasjonar kan søkja på. De gjer lurt i å bli kjende med dei ulike støtteordningane slik at de veit kva organisasjonen dykkar kvalifiserer til. Under finn de StudentBergen si oversikt over nokre av dei. I tillegg kan de søkja pengar frå Kulturstyret og Norges idrettsforbund.


Me i Saman Studentliv tilbyr gratis kurs, organisatorisk hjelp og -rådgiving til alle studentar og studentorganisasjonar i Bergen. Ikke nøl med å kontakte oss dersom det skulle vere noko! De finn òg meir informasjon om oss og tilboda våre på nettsidene våre.

Frivillighet Norge har ein organisasjonshandbok som inneheld grunnleggjande innføring i organisasjonsdrift. Det kan vere nyttig under oppstartsfasen. Altinn har òg ei oversikt over korleis starte og registrere ei forening.

Under finn de ei lenke til Sammen Studentliv sine maler og ressursar.

Treng du hjelp til å starte ein ny studentorganisasjon?

Send oss ein e-post med spørsmål eller ta kontakt for rettleiing. Vi har lang erfaring med organisasjonsarbeid og oppretting av nye studentorganisasjonar.

                                                        Ta kontakt