Ofte stilte spørsmål
På denne sida kan du lese svara på spørsmål som har blitt stilt ved utstyrsfondet. Sida vil bli oppdatert regelmessig.
Dersom du har eit spørsmål om utstyrsfondet som ikkje er svart på på denne sida, kan du sende inn eit spørsmål på dette skjemaet, eller ta kontakt med Julie Eikeland på julie.eikeland@sammen.no .
Når behandlast søknadane frå utstyrsfondet?
- Alle søknadane til utstyrsfondet behandlast etter søknadsfristen, som er den 1. oktober. Det spelar derfor ingen rolle om ein sender inn søknaden den 1. eller 30. september, då alle søknadane blir behandla samstundes.
Når kan ein forvente svar på søknaden?
- Ein kan forvente å få svar på sin søknad til utstyrsfondet seinast ein månad etter søknadsfristen, så rundt den 1. november.
Kor mykje pengar kan ein søke om?
- Det er ingen maksgrense på kor mykje ein kan søke om, men me frårådar å søke om meir enn kr 100 000.
Kan den samme studentorganisasjonen søke om meir enn 100 000 totalt om det er i to søknadar? Eller gjeld regelen om maks kr 100 000 per studentorganisasjon?
- Regelen om at ein maks kan søke om kr 100 000 er no fjerna frå retningslinjene, og ein kan søke om den summen ein treng.
- Til trass for at regelen er fjerna, kan det vere fint å vere klar over at det er svært sjeldant at meir enn kr 100 000 blir innvilga til ein søknad/studentorganisasjon.
- Dersom di gruppe/organisasjon søker om meir enn denne summen, kan det vere lurt å prioritere ønska sine i søknaden.
Korleis fungerer sjølvrapporteringsskjemaet for utstyrfondet?
- Alle som mottek støtte frå utstyrsfondet, må kunne rapportere for bruk av midlane. Dette inneheld mellom anna å sende inn kvittering for innkjøp. Alle som får innvilga støtte frå utstyrsfondet vil få nærmare beskjed om korleis ein sender inn denne rapporten.