Søk midlar frå Trivselsfondet

Frist for å søke trivselsfondet gikk ut 1. november

VIKTIG! Les informasjonen under om søknadsbehandling og vilkår før du søker.

På denne sida vil du finne:

1. Kva Trivselsfondet er
2. Korleis du kan søke
3. Kor mykje Trivselsfondet kan støtte
4. Info til enkeltpersonar som skal eller har søkt om stønad
5. Info til studentorganisasjonar som skal eller har søkt om stønad
6. Kva som vektleggast ved tildeling
7. Kva Trivselsfondet ikkje støtter
8. Behandlingstid og søknadsfrister
9. Kontaktinfo ved spørsmål
10. Viktige linkar

--

1. Kva er Trivselsfondet?

Trivselsfondet 2022 ønskjer å støtte tiltak som bidreg til aktivitet for studentar på Vestlandet, og fondet sine overordna mål er å tilrettelegge for nye vennskap.

Både enkeltpersonar og studentorganisasjonar kan søke om støtnad, men krava varierar litt avhengig av om du søker som organisasjon eller enkeltperson. Studentorganisasjonar må ha organisasjonsnummer for å kunne søke som ein organisasjon.

2. Korleis søke?

Finn ut om du skal søke som enkeltperson eller som studentorganisasjon og les informasjonen som er relevant for deg lenger ned på sida.

Ved alle høve må eit budsjettdokument leggast ved søknaden.

Søker du om eit lågterskel tiltak* må du lage eit budsjett for tiltaket før du kan søke.

Søker du om stønad til eit større arrangement må du skrive ein forklarande søknadstekst i tillegg til eit budsjett for arrangementet før du søker. Desse bør vere i separate dokument.

Søker du om stønad til kjøp av utstyr må du finne ut kor mykje utstyret kostar. Førebu eit budsjett og lim gjerne inn pristilbod eller lenker til nettstad med priser. I eit separat dokument må du skrive ei grunngjeving på kvifor de treng dette utstyret, og korleis dette vil betre, utvikla eller auke aktiviteten i gruppa. 

*Med lågterskel tiltak meiner vi aktivitetar i mindre skala, som klassevis eller mindre grupper. 

3. Kor mykje kan Trivselsfondet gje i stønad?

  • For aktivitetar som krev billett eller kjøper ei teneste (t.d. kino, teater, bowling etc.) akn det dekkast inntil kr 100 per person.
  • Ved innkjøp av mat kan det dekkast inntil kkr 70 per person/døgn.
  • Ein kan få sønad på maks kr 150 totalt per deltakarper døgn. Det vil seie at om ein søker stønad til ein aktivitet og innkjøp av mat vil ein kunne få utbetalt maks kr 150 per deltakar.

For større arrangement og innkjøp av utstyr tek vi individuelle vurderingar, men oppfordrar søkar å vere kostnadsbevisst.

4. Til deg som søker som enkeltperson

Du kan søke til Saman sitt Trivselsfond for aktivitetar som bidreg til at studentar møtast.

Det kan vere grilling i parken, quiz med klassen, leige av utstyr eller noko heilt anna. Det viktige er at det skapar aktivitet, og at de inviterer med studentar ein ikkje kjenner så godt. Det vil ikkje bli innvilga stønad til grupper der aller kjenner kvarandre allereie, så nytt moglegheiten til å inkludera nye!

Trivselsfondet ønskjer å støtte enkle, kreativer aktivitetar alle kan delta på. Kor mykje de får i stønad er avhengig av kva de ønskjer å gjere, og korleis det er i tråd med fondet sitt overordna mål om nye vennskap. Det vil seie at aktivtetar som bidreg til lite/ingen interaksjon mellom deltakarane (som t.d. RIB-tur eller paintball) vil få dekka mindre enn aktivitetar som er meir interaktive som quiz , spelekveld eller grilling.

Om de ønskjer å arrangera eit større, ope, arrangement som ei samling for heile kullet, ein liten festival eller noko anna, tek vi gjerne i mot søkad! Ved større arrangement treng vi meir utfyllande søknad, og det vil vere lurt å legge til eit meir detaljert søknadsbrev/prosjektskisse til søknaden.

Rapporteringskrav for enkeltpersonar
Som enkeltperson må ein sende inn rapport med kvitteringar og bilere frå arrangementet/aktiviteten, og returnere eventuelt overskot, seinast 14 dagar etter gjennomføring. Link til rapportering vil du få i lag med vedtaksbrevet.

5. Til deg som søker på vegne av ein studentorganisasjon

Saman elsker studentorganisasjonar, og vil gjerne vere med å bidra til eit best mogleg tilbod til studentane på Vestlandet! Ønskjer de å arrangere noko eller treng stønad til innkjøp av utstyr kan de sende inn søknad til Trivselsfondet.

Organisasjonen må ha eige organisasjonsnummer for å kunne søke som ein organisasjon.

Rapporteringskrav for stuendtorganisasjonar:

Kvitteringar skal rapporterast innan 14 dagar etter gjennomført arrangement eller innkjøp. Link til skjema for rapportering får de i lag med vedtaksbrevet.
Eventuelt overskot må nyttast i tråd med Trivselsfondets retningsliner eller returnerast til Saman.

6. Kva blir lagt vekt på ved tildeling av midlar?

Vurderinga om kva tiltak som får innvilga stønad vil vere basert på skjønn, og søknadane vil bli vurdert etter følgande kriterier:

  • Om tiltaket skaper aktivitet og fasiliterar til vennskap mellom studentane.
  • Om tiltaket er retta mot, og opent for, store delar av studentmassen.
  • Kvaliteten på tiltaket.
  • Om tiltaket vil bli gjennomført i tråd med evt. gjeldande smittevernsregler.
  • Ved større arrangement: at det finnes ein plan for markedsføring av tiltaket.

Søknaden vil bli vurdert heilheitleg og i tråd med føremålet. Det er ikkje eit krav at alle kriteria er innfridd, men i ein prioriteringssituasjon vil det bli lagt vekt på kor mange kriteriar tiltaket innfrir. Kvart enkelt tiltak treng ikkje treffe ein majoritet av studentmassen, men i totalvurderinga legg vi vekt på at pengane treff studentmassen bredt. Det er positivt om eit tiltak syner at dei har forsøkt å redusere kostnadar knytt til initiativet, eksempelvis ved å velje det rimelegaste alternativet.

Vi vil oppfordra til å søke raskt – og gjerne søke om meir støtte til fleire liknande tiltak seinare, om det første blir vellukka.

7. Hva støtter ikkje Trivselsfondet?

  • Tiltak under fadderveka
  • Tiltak i sommarferien
  • Innkjøp av alkoholhaldige drikkevarer.
  • Generell driftsstøtte for ein organisasjon.
  • Generelle innkjøp eller investeringar til enkeltpersonar. Studentorganisasjoner kan få støtnad til slike innkjøp.
  • Innkjøp av personlege eigendelar. 
  • Turar til utlandet. 

Det skal søkast om midlar til konkrete enkelttiltak. Om du eller organisasjonen din ønskjer å gjennomføre fleire forskjellige tiltak, må dette søkeast om i individuelle søknadar.

8. Behandlingstid og søknadsfrist
Det er foreløpig ikkje satt nokon søknadsfrist for Trivselsfondet. Søknadane vil bli handsama fortløpande gjennom semesteret, og behandlingstida vil vere 1-3 uker. Det er berre mogleg å søke om stønad til aktiviteter/tiltak som skal gjennomførast i løpet av haustsemesteret 2022. 

Dersom ein søker om støtte til eit arrangment som skal gjennomførast om kortare tid enn forventa behandlingstid, kan ein sende ein e-post til jakob.stein@sammen.no etter at søknaden er sendt inn for å spørje om framskunda søknadsbehandling. 


9. Har du spørsmål?
Ta kontakt med Jakob Stein på jakob.stein@sammen.no