Krasjkurs i økonomi for mindre studentorganisasjonar
Dette kurset er for alle med økonomi- eller rekneskapsansvar i ein mindre studentorganisasjon. Kurset passer også for leiarar eller styremedlemmar som ynskjer meir innsikt i økonomien i eigen organisasjon.
OBS! Kurset haldast digitalt.
Her får du eit krasjkurs i korleis å ha kontroll på økonomien, både for dagleg drift og for rapportering, til dømes i samband med søknadar til Velferdstinget, Kulturstyret og andre.
Du lærer...
- Økonomiske rutinar
- Oppsett av rekneskap
- Oppsett av budsjett
Kjem du frå ein større studentorganisasjon eller har behov for kursing i meir avansert rekneskapsføring, kan du også melde deg på kurset i "Grunnleggande rekneskapsføring"*
Tid og stad:
Onsdag 3. februar kl. 16.30 - 18.00
Kurset haldest på Zoom, lenke sendast ut til påmeldte i forkant.
Forpliktande påmelding: Når du melder deg på kurset, forpliktar du deg til å delta. Hugs å melde deg av i god tid dersom du likevel ikkje har anledning.