Den vanskelege samtalen
Kurset er for leiarar, styremedlemmar og andre som er involvert i personalsaker eller driv med leiing i organisasjonen. Kurset vert gjennomført digitalt.
Du lærer...
-
Om kvifor du skal våge å ta samtalen, og teikn på at du bør ta den
-
Om vanlege feller som aukar konfliktnivået, og korleis unngå desse
- Å formulere deg sånn at andre ikkje går i forsvar
- Teknikkar som gjer det mindre ubehageleg å vere direkte i møte med andre
Tid og stad
- Tysdag 9. februar kl. 10:00 - 14:00
- Tysdag 9. mars kl. 10:00 - 14:00
- Torsdag 8. april kl. 10:00 - 14:00
Kurset vert på Zoom. Som påmeldt deltakar vil du motta lenke i forkant av kursstart.
Forpliktande påmelding: når du melder deg på kurset forpliktar du deg til å delta. Hugs å melde deg av i god tid dersom du likevel ikkje har anledning.