Studenthuset Meieriet er årets studentorganisasjon 2022
Det var over 80 nominerte studentorganisasjonar til Årets studentorganisasjon 2022. Av dei trakk juryen ut tre finalistar: Studentlaget Framtiden i våre hender, Sogndal
Studenthuset Meieriet, Sogndal
Studentradioen i Bergen.
Til slutt var det Studenthuset Meieriet som stakk av med prisen. Juryen la melleom anna vekt på studentorganisasjonens tilstedeværelse i studentmiljøet i Sogndal og den enorme innsatsen som har blitt lagt ned for å bygge opp att organisasjonen etter pandemien. Studenthuset Meieriet er også open for alle, og er opptekne av å legge til rette for eit breidt aktivitetstilbod og eit inkluderande kulturtilbod.
Juryen ønsker å legge til at arbeidet med å kåre èin vinnar har vore vanskeleg, fordi det var svært mange gode nominasjonar. Studentorganisasjonane på Vestlandet gjør ein fantastisk jobb og bidreg til eit innhaldsrikt studieliv for alle studentar. Tusen takk!
Prisen var delt ut på Studentlivkonferansen, som ble avholdt på Det Akademiske Kvarter i Bergen 1. februar 2023.
Kven var i juryen?
- Stian Davis frå Vestland fylkeskommune.
- Jakop Kjellstad frå Sammen Studentliv.
- Ida Lutro frå arbeidsutvalet i VT Vest.
- Alexander Papas og Emilie Flønes frå Velferdstinget Vest.