Kurs i mindfulness for studentar

Kl. 14:30, 29. januar 2020
Klasserom 2.etg: Kinnaklova/Kvamshesten
Eit kurs i mindfulness med fokus på korleis du som student kan bruke mindfulness i kvardag og studie.

Stress, press og distraksjonar er det mykje av for mange studentar. Med dette kurset kan du lære verktøy og teknikkar for å vere tilstade her og no, både i eige liv og i studiekvardagen.

Det er ikkje vanskeleg og du treng ikkje nokon forkunnskapar for å vera med.

Kurset har 20 plassar, så det er 'først til mølla' å melda seg på.

Kurset er satt opp over 3 dagar:
29.01 kl 14:30 - 16:00
12.02 kl 14:30 - 16:00
19.02 kl 14:30 - 16:00