Besøksordning for studentar frå andre samskipnadar
Besøksordninga gjeld for alle som har betalt semesteravgift til ein av desse studentsamskipnadene
Trening
Du kan kjøpe medlemskap til ordinære studentpriser, så lenge du betaler semesteravgifta til ein av desse studentsamskipnadene.
Vi har også ei ordning med gjestetrening du kan nytta om du er medlem av treningstilbodet til ein annan studentsamskipnad. Det vil seie at du kan gjestetrene hjå oss i inntil 15 dagar i løpet av eit år, i tillegg til inntil to månader samaenhengande i sommarferien (i perioden 1. juni til 1. september).
Mat og drikke
Saman Mat & Drikke har rabatterte priser til alle studentar.
Bustad
Du kan søke om bustad hjå Saman, og prisen er den same for alle studentar. Vi har eit tildelingsreglement søknadane prioriteras etter.
Barnehage
Du kan søke barnehageplass hjå Saman.
Helsetjenester
Du er velkommen til å nytta det gode helsetilbodet vårt, som også inkluderer rådgjeving og psykolog. I perioder av året har vi noko ventetid og tilgang til tilboda vil difor vere avhengig av kapasitet.
Det einaste du ikkje kan nytta deg av er refusjonsordninga vi har gjennom Helsefondet, sidan dette er finansiert gjennom semesteravgift innbetalt til Saman.