Status på våre tilbod

Her finn du løpande informasjon om våre tilbod med tanke på situasjonen kring Covid-19. Dersom du har spørsmål og du ikkje finn svar på nettsida vår, kan du sende ein e-post til post.sfj@sammen.no eller ring 55 96 88 33 i vår opningstid. 

Oppdatert 04.01.2021

Inntil vidare er administrasjonen nedbemanna av omsyn til Covid-19 og regjeringa si oppmoding om heimekontor. 

Dersom du skal hente nøklar eller av andre årsaker må møte opp fysisk hjå oss så ta først kontakt på epost eller telefon for å avtale eit tidspunkt. 

Saman Mat og Drikke

Kafé Campus Førde

Opningstid mån-fre: kl. 10:00-14:00

Saman Råd og Helse

Studentrådgjevar og psykolog er tilgjengeleg. Her finn du kontaktinformasjon.

Dersom du har symptom eller har vore i nærkontakt til nokon som kan vere smitta av Covid-19 skal du ikkje møte opp hjå rådgjevar eller psykolog. Du vil framleis kunne gjennomføre samtalen, men må då avtala å ta den digitalt.

Helsestasjon for unge vaksne er open som vanleg, men ein må avtala tid på førehand for å unngå kø og samling av for mykje folk på venterommet.
Meir informasjon om dette finn du her.

Saman Pratelinje

Det blir lange dagar no, og folk er litt opptatt med sitt. Er du mykje inne for tida kan det vere godt å få lufta tankane sine.  

Pratelinja er open kvar dag, også i helgane, 14:00-16:00.

Du treff oss på telefonnummer: 908 49 989 

Meir informasjon om pratelinja finn du her.

Studenttelefonen

Studenttelefonen er eit gratis og anonymt lågterskelstilbod for alle studentar og elevar som treng nokon å snakke med. Dei har god kjennskap til studentlivet, og dei har teieplikt.

Telefon og chat er open alle dager fra kl. 17:00–07:00 (også i helgar og høgtider).
Ring 116 126 og tast 3.

Studenttelefonen er eit samarbeidsprosjekt med Mental Helse Hjelpetelefonen og helsepersonell ved SiA, SSN og KoRus Sør.

Meir informasjon om studenttelefonen finn du her.

Saman Bustad

Vår bustadadministrasjon har ope måndag til fredag, 08:00 - 15:30, men er nedbemanna inntil vidare av omsyn til Covid-19 og regjeringa si oppmoding om heimekontor.

Dersom du skal hente nøklar eller av andre årsaker må møte opp fysisk hjå oss så ta først kontakt på epost eller telefon for å avtale eit tidspunkt. 

Hugs at dersom du er i karantene eller har symptom, så må du holde deg heime.

Du kan kontakte oss på telefon 55 96 88 33 eller e-post post.sfj@sammen.no.

Drift går som normalt, og både reinhaldarar og vaktmeistrar har gode rutiner mtp smittevern. 

Dersom du er i eller blir bedt om å sitte i karantene eller isolasjon på ein av våre bustadar er det viktig at du gir beskjed til oss via dette skjemaet.

Her kan du lese meir om karantene på våre bustadar.

Er du i tvil om du bør testast eller har spørsmål knytta til korona: ta kontakt med den kommunale helsetenesta. 

Me minner om at det er ikkje lov for andre enn dei som tilhøyrer kollektiva å opphalde seg i fellesareala på våre bustadar.