Opningstider i sommar
Administrasjon/ Bustadkontor
Kontoret vil vere fysisk stengt 10.-23.juli (veke 28 og 29), men vi vil vera tilgjengeleg på telefon og e-post frå 17.juli.
Om du skal flytte ut og ønskjer å levere inn nøklane dine kan du nytta nøkkelkonvolutt og vår Saman-postkasse v/vaskeriet der du bur. Har du allereie avtale om utsjekk med husøkonom/vaktmeister kan du levere nøklane dine etter sjekken.
Det vil ikkje føregå tildeling av bustadar i perioden 10.-17.juli.
Råd & Helse
Studentrådgjevar Margit er ikkje tilgjengeleg i perioden 23. juni - 06. august.
Psykolog er tilgjengeleg att frå 1.august dersom ein ikkje har særskild avtale om noko anna.
Kafé Campus
Frå 15.juni er det redusert opningstid, kl.10:00-15:00.
Siste dag med servering er onsdag 21.juni.
Vi opnar opp att 14. august.
Drift/Reinhald
Det vil vere mindre kapasitet i juli månad.
Legg inn ein henvendelse som vanleg viss noko skulle oppstå.