Me søker studentmedarbeidarar

Saman ønsker at studentane i Førde skal ha ei god og sosial studietid, og me vil bidra til dette ved å skape meir aktivitet i desse tider. Me søker derfor etter engasjerte studentar for å styrke staben vår.

Studentmedarbeidarane vil vere viktige bidragsytarar i å skape aktivitet, mellom anna ved å gjennomføre sosiale tiltak som motverkar einsemd og gjere tilboda våre kjent for studentar i Førde.

Bumiljøkoordinatorar 

Saman Bustad ser etter initiativrike bumiljøkoordinatorar som skal hjelpe til med sosiale tiltak i våre bustadarMe veit at det er mange av våre bebuarar som kjenner på einsemd desse dagar, og det ønsker me å gjere noko med i form av ulike tiltak. Me veit det er viktig for den psykiske helsa at ein trivst der ein bur. Så vårt ønske er å gje bebuarane mange moglegheiter til å skape trygge nettverk og finne gode venner. Saman skal vere eit godt vertskap for studentar som buhjå oss. 

Det er ein fordel om du bur i ein av våre bustadar. 

Søknadsfrist: Fortløpande 
Varigheit: Ut juni 2021, med moglegheit for forlenging 
Stillingsprosent: 20 % per stilling 

Studentaktivitøra 

Samaleitar etter handlekraftige studentmedarbeidarar som ønsker å arrangere ulike sosiale tiltak og å bidra sosialt slvVåre studentaktivitørar skal sette i gang fysiske og digitale lågterskeltilbod for studentane i FørdeStudentaktivitørane vil bli godt kjent med alle våre tenesteområder, og samarbeide med andre studentmedarbeidarar og studentorganisasjonane på studiestaden. Ein del av dette arbeidet er kommunikasjon på sosiale medium, på ein effektiv og kreativ måte for å nå ut til flest mogleg studentar. Det er ein fordel om du har gode munnlege og skriftlege eigenskapar, og gjerne erfaring med ulike sosiale medium. 

Søknadsfrist: Fortløpande 
Varigheit: Ut juni 2021, med moglegheit for forlenging 
Stillingsprosent: 20 % per stilling 

Om Saman

Saman er studentsamskipnaden på Vestlandet, og me har bustadar, barnehagar, treningssenterkaféarbokhandel, studenthus, helsetilbod samt karriere- og rådgjevingstenesterMe skal saman med utdanningsinstitusjonane tilby studentane på Vestlandet eit godt og tilpassvelferdstilbod. 

Me tilbyr fleksibel arbeidstid og løn etter avtale. 

Vår visjon er: SAMAN for studentane på Vestlandet. 
Verdi: ME BRYR OSS! 
Studentar-33.jpg