Juletilbod i kaféen

Ekstra gode tilbod i desember

Eksamensfrukost til kr 10 

Få ein sunn og god start på dagen med frukost til 10 kr hjå Kafé Campus. Tilbodet varar frå 1. til 10.desember mellom kl 08.30 og 10.00.
Me heiar på dykk og ønskjer dykk lukke til med eksamen!
 

Julemiddag til 100 kr 1.desember 

Kom i førjulsstemning og få deg ein skikkeleg digg og mettande julemiddagstallerken til 100 kroner hjå Kafé Campus. Juletallerkenen består av pinnekjøt, svineribbe og fullt tilbehør, og vi har sjølvsagt julemat utan kjøt også. Vi serverar mat frå kl.13:00 til 15:00 eller til det er tomt.   

 

Julegraut til halv pris 

Kvar fredag i desember fram til jul (3., 10., og 17.) serverar me julegraut til halv pris i Kafé Campus. Vi byr på klassisk risengrynsgraut og raud saft.
Sjå også opp for mandel i grauten!