Bli vår nye SoMe-reporter!

Me er på jakt etter ein student som vil vere med på å gje følgjarane våre eit innblikk i kva Saman og byen kan tilby studentane våre i Førde. Gjerne på ein kreativ og underhaldande måte.

Du studerar ved HVL/fagskulen, du er tett på studielivet, har ein fleksibel kvardag der du kan ta på deg oppdrag som SoMe-reporter.

  • Utadvendt og uhøgtideleg
  • Kjennskap til Facebook, Instagram og kva som finnast der
  • Kreativ og engasjert
  • Kan jobbe sjølvstendig
  • God på planlegging og struktur
  • God på kommunikasjon

Forventa arbeidsmengd for Saman SoMe-reporter vil vere inntil 10 timer per veke i den travlaste tida, med varierande arbeidstid og mengd. Mange av oppdraga vil vere på dagtid, men òg noko på kveld og i helg. SoMe-reportaren vil kunne nytta seg av fleire av Saman sine tenester. Stillinga er timelønna basert på arbeidsmengda.  

Du vil inngå i vårt sosiale medier-team der vi arbeider i lag med idéar og produksjon av innhald, i hovudsak til instagram story.  

Har du lyst til å bli vår SoMe-reporter? Fyll ut dette skjemaet

Søknadsfrist: onsdag 8. september kl. 23:59